Det er vanskeleg å vere optimist. Sommarferien er vertfall heilt over for min del. Og for dei fleste andre er den nok òg på hell no. Som vanleg flaug sommarferien som ein vind, og kvardagen innhenta meg med eit brak.
Bilde frå Siggjo på Bømlo
Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med?
Har sjefen (eller mamma) ansvaret?
No er det slik for dei fleste av oss, at me har mykje meir jobb enn me har ferie, heldigvis. Hadde nok vorte kjedeleg med for mykje ferie òg. Men iallefall, me tilbringer ganske stor del av livet vårt på jobb. Og sidan dette er ein so viktig ting – bør me trivast med det me gjer på.
Eg spør ungane som eg har på kurs (Sjå www.diameta.no) Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag? Dei fleste svarar mamma, noko eg då lærer dei at det ikkje er. På samme måte kan eg spørje deg; Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med? Kven har størst påvirking på dagen din?
Jepp, det er DU! Det er du som kan bestemme korleis du skal ha det, korleis dagen din skal vere, korleis du skal takle sitronane dine. Det finst ikkje kjedelege arbeidsoppgåver – berre kjedelege måtar å utføre dei på. Viss du fokuserer på det du tykkjer er positivt, leitar hjernen din etter det positive, det du er fornøygd med. Dersom du tenkjer på det du tykkjer er kjedeleg, får du ein seig dag på jobb, med berre negative ting.
Bilde frå Togga i Sogndalsdalen.
Lag ein god dag!
Ein annan ting eg lærer ungane på kurs er kor mykje lettare det er å lære ting viss du har ein god dag. Viss du har ein skala frå 1-10, der 10 sjølvsagt er topp. Viss dagen din er på 10, lærer du nye ting nesten med ein gong, viss dagen din er på 6 treng du mange, mange fleire repitisjonar. Eg lærer dei sjølvsagt også korleis dei skal komme seg høgare opp på følelses-skalaen, dersom dei har ein dårleg dag. Slik trur eg det er med oss vaksne òg. Viss me føler oss trygge på arbeidsplassen og har ein god dag, er det mykje lettare å gå ut av komfortsona og prøve seg på nye ting.
Eit evig mas.
Sjølvsagt kan det vere ytre faktorar som gjer at det er vanskeleg å vere positiv. Men det er ikkje der hovudvekta ligg. 8-12 timar kvar dag, er du i samtale med deg sjølv. Du tenkjer 60000-70000 tankar kvar einaste dag, og opptil 80 % av tankane dine er dei samme som du tenkte i går. Det er krevjande å vere optimist, det er mykje enklare å falle ned i den negative fallgruva. Viss du skal snu til ein meir positiv tankegang, krev det mykje jobbing, du må legge merke til tankane dine og velgje å tenkje andre tankar.
Eg ønskjer deg ein positiv og optimistisk dag. Likar du orda mine, så del gjerne bloggen vidare. Og før du legg deg i kveld, tenk på tre ting akkurat du er takknemleg for akkurat i dag.
Klem,
Gudrun <3